Demografiske variable
Fødested: Vågan
Kohort: 1943
Paritet: 0
Forventet gjenstående levetid: 17 år og 2 måneder

Ståle Dyrvik ble utfordret av Sølvi Sogner. Ståle Dyrvik er professor i historie ved Universitetet i Bergen. Dyrvik er en av pionerene innenfor norsk historisk demografi. I tillegg til demografiske problemstillinger, har han forsket på en rekke andre historiske temaer. Han har også forfattet en lang liste med lærebøker i historie.

Kva gjorde deg til demograf?

Gjennom eit bygdebokarbeid for Etne kommune kom eg borti demografiske kjelder som kyrkjebøker, manntal og folketeljinga 1801. Eg fann ut at dette materialet kunne eg bruka til ei hovudfagsoppgåve i historie om befolkningsutviklinga mellom 1660 og 1801. Resultata kunne eg så ta tilbake i bygdebokmanuskriptet i popularisert form. Det mest spennande ved denne studien var at eg fekk prøvd ut den franske familierekonstitusjonsmetoden.

Kva gjer du nå?

Eg arbeider berre indirekte med demografi, men vonar å koma tilbake for fullt. Kvalitetsreformen har ført til ein veldig etterspørsel etter fordjupingsemne. Tidlegare har eg laga tilbod om norsk historisk demografi, om the Great Famine i Irland i 1840-åra, om globalhistorie 1300-1750 og no i dette semesteret om USAs historie. Demografien har vore med meg heile tida, men innslaget av forskingsbasert stoff minkar med tida, så eg har behov for eit skifte.

Kva for demograf skulle du gjerne sitte fast i heisen med?

Eg trur eg ville ha ynskt meg Louis Henry, familierekonstitusjonsmetodens far. Eg hadde han som lærar i Paris, og minnest alle historiene han fletta inn i undervisinga. Dei fleste var frå hans tid som sanitetsoffiser i dei frie franske styrkane under andre verdskrigen. Dei hadde alltid eit poeng, og blei aldri makabre eller brukte som sjølvskryt. Trur eg kunne ha halde ut lang venting i heisen med Henry.

Kva er det mest spennande/mest interessante du har gjort som demograf?

Det må ha vore enkelte djupboringar eg gjorde i den store demografiske datasamlinga mi for Etne. Effekten av den tidlege koppevaksineringa kom eg ganske langt i å klarleggja. Eg tykte også det var utruleg fascinerande å arbeida med spedbarndødens utvikling mellom 1715 og 1900. Du arbeider på individnivå, med namngjevne menneske, og blir først skuffa over mangfaldet. Men så tar mønster til å forma seg. Det er stort.

Kan du tilrå ein godbit frå den demografiske litteraturen?

Då vil eg peika på ein annan av lærarane mine i Paris, Jacques Dupâquier: «Le mécanisme auto-regulateur des populations traditionnelles», publisert i 1972 i eit lite kjent belgisk tidsskrift. Der viste han korleis ei tradisjonell bondebefolkning kunne oppnå nullvekst i forhold til næringsgrunnlaget sitt. Ei flott vidareføring av John Hajnal, som Sølvi Sogner omtalte sist.

Om du fikk 5 millionar til å gjere eit fagleg arbeid, kva ville du brukt dei på?

Vanskeleg å seia fordi eg oftast har drive demografisk forsking som einmannsprosjekt. Eg trur likevel at valet mitt hadde falle på det norske giftarmålsmønsteret 1850-1970. Opp til mellomkrigstida ville interessa særleg ha retta seg mot samanhengane til økonomiske konjunkturar og utvandringsbylgjer. Særleg spennande vil tidsrommet 1935-1970 vera, med eit historisk sett eineståande fall både i giftarmålsalder og andel varig ugifte. Kanskje kunne eg koma nærare ei forståing av kvifor denne prosessen enda i ei splitting der giftarmålsmønsteret vart reversert, medan nye samlivformer kom til. Det kunne også vera behov for djupdykk der ein granska pardanning i lokalsamfunn med vekt på sosiale og geografiske variablar. Vart endogami og rasjonalitet (foreldrestyring?) avløyst av eksogami og romatikk (sjølvbestemming?)?

Kven utfordrar du vidare?

Helge Brunborg Han har arbeidd utanfor Noregs grenser med det eg vil kalla «krise-demografi». Spent på om han ville ha investert sine 5 millionar i Afrika.