|
Formålet med
demografstafetten er å gjøre norske demografer bedre kjent - blant
hverandre, og for et bredere publikum.
Ståle Dyrvik ble
utfordret av Sølvi Sogner. Ståle
Dyrvik er professor i historie ved Universitetet i Bergen. Dyrvik er en av
pionerene innenfor norsk historisk demografi. I tillegg til demografiske
problemstillinger, har han forsket på en rekke andre historiske temaer.
Han har også forfattet en lang liste med lærebøker i
historie.
Kva gjorde deg til demograf?
Gjennom eit bygdebokarbeid for Etne kommune kom
eg borti demografiske kjelder som kyrkjebøker, manntal og folketeljinga
1801. Eg fann ut at dette materialet kunne eg bruka til ei
hovudfagsoppgåve i historie om befolkningsutviklinga mellom 1660 og 1801.
Resultata kunne eg så ta tilbake i bygdebokmanuskriptet i popularisert
form. Det mest spennande ved denne studien var at eg fekk prøvd ut den
franske familierekonstitusjonsmetoden.
Kva gjer du nå?
Eg arbeider berre indirekte med demografi, men
vonar å koma tilbake for fullt. Kvalitetsreformen har ført til ein
veldig etterspørsel etter fordjupingsemne. Tidlegare har eg laga tilbod
om norsk historisk demografi, om the Great Famine i Irland i 1840-åra, om
globalhistorie 1300-1750 og no i dette semesteret om USAs historie. Demografien
har vore med meg heile tida, men innslaget av forskingsbasert stoff minkar med
tida, så eg har behov for eit skifte.
Kva for demograf skulle du gjerne sitte fast i
heisen med?
Eg trur eg ville ha ynskt meg Louis Henry,
familierekonstitusjonsmetodens far. Eg hadde han som lærar i Paris, og
minnest alle historiene han fletta inn i undervisinga. Dei fleste var frå
hans tid som sanitetsoffiser i dei frie franske styrkane under andre
verdskrigen. Dei hadde alltid eit poeng, og blei aldri makabre eller brukte som
sjølvskryt. Trur eg kunne ha halde ut lang venting i heisen med Henry.
Kva er det mest spennande/mest interessante du
har gjort som demograf?
Det må ha vore enkelte djupboringar eg
gjorde i den store demografiske datasamlinga mi for Etne. Effekten av den
tidlege koppevaksineringa kom eg ganske langt i å klarleggja. Eg tykte
også det var utruleg fascinerande å arbeida med
spedbarndødens utvikling mellom 1715 og 1900. Du arbeider på
individnivå, med namngjevne menneske, og blir først skuffa over
mangfaldet. Men så tar mønster til å forma seg. Det er
stort.
Kan du tilrå ein godbit frå den
demografiske litteraturen?
Då vil eg peika på ein annan av
lærarane mine i Paris, Jacques Dupâquier: "Le mécanisme
auto-regulateur des populations traditionnelles", publisert i 1972 i eit lite
kjent belgisk tidsskrift. Der viste han korleis ei tradisjonell bondebefolkning
kunne oppnå nullvekst i forhold til næringsgrunnlaget sitt. Ei
flott vidareføring av John Hajnal, som Sølvi Sogner omtalte
sist.
Om du fikk 5 millionar til å gjere eit
fagleg arbeid, kva ville du brukt dei på?
Vanskeleg å seia fordi eg oftast har drive
demografisk forsking som einmannsprosjekt. Eg trur likevel at valet mitt hadde
falle på det norske giftarmålsmønsteret 1850-1970. Opp til
mellomkrigstida ville interessa særleg ha retta seg mot samanhengane til
økonomiske konjunkturar og utvandringsbylgjer. Særleg spennande
vil tidsrommet 1935-1970 vera, med eit historisk sett eineståande fall
både i giftarmålsalder og andel varig ugifte. Kanskje kunne eg koma
nærare ei forståing av kvifor denne prosessen enda i ei splitting
der giftarmålsmønsteret vart reversert, medan nye samlivformer kom
til. Det kunne også vera behov for djupdykk der ein granska pardanning i
lokalsamfunn med vekt på sosiale og geografiske variablar. Vart endogami
og rasjonalitet (foreldrestyring?) avløyst av eksogami og romatikk
(sjølvbestemming?)?
Kven utfordrar du vidare?
Helge Brunborg Han har arbeidd utanfor Noregs
grenser med det eg vil kalla "krise-demografi". Spent på om han ville ha
investert sine 5 millionar i Afrika. |